Besøk gardsutsalet vårt

I Gardsutsalet vårt finn du noko for ein kvar smak. Rein, naturleg eplemost frå garden, utan tilsetjing av noko slag – ”Flytande eple”. Ulike typar plommesyltetøy, bringebærsyltetøy, chutney, hermetiske plommer, pærer og epler mm.

Lammekjøt
Du finn dessutan lammekjøt av ulike slag. Mykje av det er salta og røykt etter gamle tradisjonar – fenalår, røykjekjøt, mm. Sysekorv av eigne lam har me og stort sett på lager.

Fruktsesongen
Kjem du i fruktsesongen kan du få kjøpe med deg fersk frukt så lenge me har. Sesongen begynner med moreller i byrjinga av august, og så fyljger plommer, pærer og epler.

Gardsprodukt frå utsalet vårt

Ingen innlegg enno.

Skriv eit innlegg