Gardshistorie

  • syse_gard_omoss_historie_1950

Syse Gard er ein familiedreven vestlandsgard:

«Livskraft og tradisjon i nyskapande gardmiljø!”

Gro og Hans er femte generasjon som driv garden.
Hans Røynstrand kjøpte garden i 1888. Han var bygningsmann, og har vore med å bygd blant anna kyrkjespiret på kyrkja i sentrum. Kona hans Helena var jordmor i bygde. Hans bygde «stovehuset» på slutten av 1800 – talet. Dette er no rive, men det nye bustadhuset på garden er bygd i same stil, og ein del av materialane er tekne vare på. Utskjæringane på bjelkar og lister rundt glas er haldne i same stilen. Taket vart teke vare på, så ein del av hellene på taket er frå gamlehuset. To av tømmerstovene i gamlahuset er sett opp i det nye huset.

Neste generasjon på garden var Johannes og Synnøva. Medan dei dreiv garden, dyrka Johannes opp svært mykje av innmarka. Han og den trufaste hjelparen hans, hesten «Svorti» køyrde meir enn 12 000 lass med stein vekk frå den brattlende, urydda marka. For dette fekk han Sylvmedalje frå Hordaland landbruksselskap. Det gjekk gjetord om nybrotsarbeidet hans, og han vart ofte omtala som «Steina – Johans».
Same året bygde han selet vårt på Jonstøl, ca 1 1/2 timars gange frå garden, og med mektige «Vassfjøro» som nabo i nord.
Det er på Jonstøl og opp mot «Vassfjøro» me i dag har sauene våre. Selet er no restaurert, og vert svært mykje nytta, spesielt i sommarhalvåret.
Johannes og Synnøva la ned eit stort arbeid i garden, og la grunnlaget for at seinare generasjonar kunne drive garden.

Kari og Hans overtok i 1947, då var det alt planta mykje frukttre på garden, og meir skulle det bli. 1950 – 60 åra var «gullalder» for fruktnæringa, trass i at ein hadde svært høge tre, og måtte bruke stige på opp mot 8 meter. Etter krigen vart frukt og bær (jordbær) viktigare og viktigare som inntektskjelde. Dei sorterte og pakka epla på kveldane. Rundt 1950 heldt ein arbeidar seg daglønn, med å hauste 5 kg eple. Dette er slett ikkje mogeleg i dag! Kari og Hans tok godt vare på tradisjonar som krotakake-baking, ølbrygging og siderlaging. Dei fekk to jenter og dreiv garden i ca 20 år.

Synnøva og Erling overtok garden i 1967. Med pågangsmot og innsatsvilje har dei gjort mykje for at me kan bu på garden i dag.. I tida dei dreiv, fram til me overtok i 1999, hadde dei bygd ny fjøs, nytt våningshus, ny » mosstove» (røykjehus) og fornya frukthagen frå tre der ein måtte bruke 8 meter stige til trea slik dei er i dag. Det ligg mykje arbeid og innsats bak dette. I tillegg hadde dei fem born å ta seg av!
Me som bur på garden no nyt godt av arbeidsinnsatsen deira.

Me, Gro og Hans overtok i 1999, og då hadde me bygd oss nytt våningshus som me kunne flytte inn i.” Livskraft og tradisjon i eit nyskapande gardsmiljø!” Me har mange gonger tenkt, kvifor driv me med dette? Svaret må bli: Interesse, halde gamle tradisjonar i hevd, og det å leve i pakt med naturen. Ein jobbar mykje i den lyse årstida, og kan ta det litt rolegare i den mørke årstida. Garden vår er ein av dei brattaste som driv med frukt i bygda. Den ligg sørvendt noko me håpar gjer at me får god smak på frukta vår. Sauene våre beiter frå stølen Jonstøl som ligg 630 m.o.h oppunder fjellet ”Vassfjøra” der toppen ligg på 1633 m.o.h.

Me prøver å selje det meste kan av produkta våre på garden. Det me ikkje sel av frukta vår sjølve, leverer me til grossist. Den største sesongen vår er frå 1.aug – jol, men dei siste åra har sesongen starta når våren kjem. Me foredlar lammekjøt, dvs lagar pinnekjøt, røykjekjøt, fenalår og rullepølse. Alt vert salta og røykt. I tillegg lagar me Sysekorv som er ein røykt, rå korv med hovudingrediens sauekjøt. Me har ulike sortar av moreller, plommer og eple slik at me skal ha noko å tilby heile sesongen. Litt pærer har me og for direktesal. Me lagar eplemost og sider frå eigen gard. Eplemosten er reint naturprodukt utan tilsetjing av noko. Den er berre pasteurisert – varma opp til 78 °C. Me produserer og plommesyltetøy av ulikt slag. Eplemos og tørka eple er det og mogeleg å få kjøpe hjå oss i tillegg til hermetisert frukt. Alle produkta våre er produserte og foredla på garden. I mai 2013 vart me i tillegg eitt Economuseum på frukt og fruktforedling.

Ingen innlegg enno.

Skriv eit innlegg