Korleis er eit Economuseum oppbygd

Museumskonseptet er utvikla i Quèbec. Èconomusèe-nettverket, med medlemsbedrifter fra Canada og fleire nordeuropeiske land, er et samarbeid mellom bedrifter som er interesserte i å ta vare på og formidle tradisjonell kunnskap til kommande generasjonar. I eit Èconomusèe finn du resepsjon, produksjonslokale, utstillingsområde, moderne design, dokumentasjon og butikk.

Èconomusèe opplevinga er…

  • Å møte inspirerte handverkarar i deira eige miljø.
  • Å lære nytt om gammalt på ein spennande arbeidsplass.
  • Syne fram levande handverk og tradisjonell kunnskap
  • Ta vare på kultur og tradisjonar
  • Kombinere kultur, økonomi og turisme

Eit Économusée er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverksverksemd der det i tillegg til produksjon og sal av tradisjonelle handverksprodukt, vert lagt til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og den historiske samanhengen vert synleggjort.

Ingen innlegg enno.

Skriv eit innlegg