Servering

Om du vil oppleve matservering på Syse gard har du to alternativ: 

 

Alternativ 1:

Me har enkel matservering frå 13.juni – 13.august mandag til laurdag frå 11:00-16:00. Spekefjøl kan tingast på forhånd ilag med siderfjøl her.

Salt:
Spekemat og syltetøy frå eigen gard, norsk ost og lokalt brød               kr 250,-
Allergen: Gluten, mjølk (laktose), valnøtter

Spekesmak: Fenalår, kald potet, flatbrød og rømme                                kr 125,-
Allergen: Gluten, mjølk (laktose)

 

Søtt:
Dessertplomme frå eigen gard med is og hakka valnøtter                      kr 90,-
Allergen: Egg, mjølk (laktose), valnøtter

Besto si eplekake med is og eplesyltetøy                                                      kr 95,-
Allergen: Gluten, egg, mjølk (laktose), valnøtter

Alm is, porsjonsbeger, sjå utval i gardsutsalet                                             kr 45,-

 

 

 

Alternativ 2:

I samband med omvising kan du på førehand avtale eit måltid basert på garden sine produkt. Då er frukt i ulike former og lammekjøt ein viktig del av det de kan få servert. Menyen vår er litt sesongbasert alt etter kva som er tilgjengeleg.

Kapasitet
15-70 personar, evt etter avtale

Når  er det mogeleg å få servering?
Me serverer mat i samband med anna omvising. Dei store festdagane som bryllup og andre store merkedagar ser me gjerne at de brukar ein av dei andre lokale aktørane.  Dette fordi me og har gardsutsalet som er ope i første høgda.

Bordoppsett
Borda me har er 120 cm x 90cm. Desse kan me lage til langbord, enkelt bord eller hestesko. Alt avhengig av kor mange de er.

Meny
Menyen ar basert på det me produserer på garden. Sjå menyen her.

  • Servering av gardsmat

    Servering av gardsmat

    I samband med besøk kan du på førehand avtale eit måltid basert på garden sine produkt. Då er frukt i...

    Read more

  • Meny

    Meny

    Me lagar meny etter kva me har tilgjengeleg og gjerne etter årstid. Tilbodet varierer difor litt. Spør gjerne om det...

    Read more