Besøk gardsutsalet vårt

I Gardsutsalet vårt finn du noko for ein kvar smak. Rein, naturleg eplemost frå garden, utan tilsetjing av noko slag – ”Flytande eple”. I tillegg til ulike typar plommesyltetøy, bringebærsyltetøy, chutney, hermetisk frukt og anna småsnadder.

Lammekjøt
Du finn dessutan lammekjøt av ulike slag. Mykje av det er salta og røykt etter gamle tradisjonar – fenalår, røykjekjøt, mm. Sysekorv av eigne lam har me og stort sett på lager.

Fruktsesongen
Kjem du i fruktsesongen kan du få kjøpe med deg fersk frukt så lenge me har. Sesongen begynner med moreller i byrjinga av august, og så fylgjer plommer, pærer og epler. Nokon av eplesortane varer heilt til jol, alt etter som korleis sesongen har vert.

Gardsprodukt frå utsalet vårt!

Comments are closed.