Gardsdrift

  • syse_gard_omoss_gardsdrift_tilfjells
  • gro, hans, synnøve plukker eple – Kopi
  • ingeborg på sauesanking
  • hans med epler og traktor – Kopi
  • besten plukkar eple

Syse Gard er eit bratt vestlandsbruk med gode forhold for dyrking av frukt . Derfor dyrkar me både moreller, plommer, pærer, og eple. I tillegg har me rundt 70 vinterfora sau, som går i fjellet om sommaren og som gir oss kjøt om hausten. Me foredlar mykje av det me produserer på garden og sel det i gardsutsalet.

”Livskraft og tradisjon i eit nyskapande gardsmiljø!” Me har mange gonger tenkt, kvifor driv me med dette? Svaret må bli: Interesse, halde gamle tradisjonar i hevd, og det å leve i pakt med naturen. Ein jobbar mykje i den lyse årstida, og kan ta det litt rolegare i den mørke årstida. Garden vår er ein av dei brattaste som driv med frukt i bygda. Den ligg sørvendt noko me håpar gjer at me får god smak på frukta vår. Sauene våre beiter frå stølen Jonstøl som ligg 630 m.o.h  til oppunder fjellet ”Vassfjøro” der toppen ligg på 1633 m.o.h.

Me prøver å selje det meste kan av produkta våre på garden. Det me ikkje sel av frukta vår sjølve, leverer me til grossist. Den største sesongen vår er frå 1.aug – jol, men dei siste åra har sesongen starta når våren kjem. Me foredlar lammekjøt, dvs lagar pinnekjøt, røykjekjøt, fenalår og rullepølse. Alt vert salta og røykt. I tillegg lagar me Sysekorv som er ein røykt, rå korv med hovudingrediens sauekjøt. Dei siste åra har me og laga spekepølse, som er laga på gamle måten med mjølkesyrebakteriar, røyking og speking. Me har ulike sortar av moreller, plommer og eple slik at me skal ha noko å tilby heile sesongen. Litt pærer har me og for direktesal. Me lagar eplemost og sider frå eigen gard. Eplemosten er reint naturprodukt utan tilsetjing av noko. Den er berre pasteurisert – varma opp til 78 °C. Me produserer og plommesyltetøy av ulikt slag. Eplemos og tørka eple er det og mogeleg å få kjøpe hjå oss i tillegg til hermetisert frukt. Alle produkta våre er produserte og foredla på garden. I mai 2013 vart me i tillegg eitt Economuseum på frukt og fruktforedling.

Comments are closed.