I samband med besøk kan du på førehand avtale eit måltid basert på garden sine produkt. Då er frukt i ulike former og lammekjøt ein viktig del av det de kan få servert. Menyen vår er litt sesongbasert alt etter kva som er tilgjengeleg.
Kapasitet
15-70 personar, evt ta kontakt.
Når er det mogeleg å få servering?
Me serverer mat gjerne i samband med anna omvising. Dei store festdagane som bryllup og andre store merkedagar ser me gjerne at de brukar ein av dei andre lokale aktørane. Dette fordi me og har gardsutsalet som er ope i første høgda.
Bordoppsett
Borda me har er 120 cm x 90cm. Desse kan me lage til langbord, enkelt bord eller som hestesko. Alt avhengig av kor mange de er og korleis de vil ha det.
For spørmålsmål angåande servering ta kontakt eller send e-post til [email protected]