Vertskapet Gro og Hans

  • Gro og Hans – til heimeside
  • erling, hans, erling brygging
  • ingeborg i morellebløming
  • syse_gard_om_oss_vertskap4
  • syse_gard_om_oss_vertskap2
  • Gro og Hans
  • Gro og Hans til beskjæring

Gro og Hans driv garden som femte generasjon av familien (sjå “gardshistorie” om du vil lese om dei ulike generasjonane). Dei overtok garden i 1999, og har sidan då bygd opp Syse gard slik me kjenner den idag.

Her vert lammekjøt og frukt foredla etter gamle tradisjonar. Det vert laga pinnekjøt, røykjekjøt, fenalår og rullepølse. Alt vert salta og røykt. Sysekorv – ein røykt, rå korv med sauekjøtt som hovedingrediens er og noko me lagar. I seinare år har me begynt å lage spekepølse, som er laga på gamle måten med mjølkesyrebakteriar før røyking og speking. Sauene våre beitar om sommaren frå stølen vår, Jonstøl som ligg på 630 m.o.h, og til oppunder fjellet Vassfjøro, der toppen ligg på 1633 m.o.h.

Garden vår ligg sydvendt og er ein av dei brattaste som driv med frukt i bygda. Dette håpar me gjev god smak på frukta vår. Dei ulike sortane moreller, plommer og epler gjer at me har noko å tilby heile sesongen. Me lagar og eplemost og sider med epler frå eigen gard. Eplemosten er eit reint naturprodukt utan tilsetjing av noko. Den blir pasterurisert, varma opp til 78 °C, før den vert tappa.

I tillegg finn du plommesyltetøy, eplemos, tørka eple og ulik hermetisk frukt i gardsutsalet. Alle produkta våre er produserte og foredla på garden. I tillegg prøver med å selge mesteparten av produktene me lagar frå garden. Frukta me ikkje sel direkte frå garden vert levert til grossist. Me har og ein del forhandlarar som sel varene våre rundt om i Hordaland.

Det bur for tida tre generasjonar på Syse gard – i tillegg til Gro og Hans bur og Erling og Synnøva som eldste generasjon og Erling jr, Guro og Ingeborg som yngste generasjon.

Om du kjem innom garden er det truleg ein av desse du møter i tunet!

 

 

Comments are closed.