Portfolio Category: Vises på gardsutsal

Gåvepakning – firmagåver

Treng du ei gåve til ein bursdag, til ein føredragshaldar, ein kollega eller nokon du set ekstra pris på? Me har alltid både store og små gåvepakningar i posar og korger klare for henting. Ynskjer du noko spesielt eller fleire av same sort, ta kontakt på e-post eller telefon for tilbod.
Les meir

Fersk frukt

Fersk frukt pleier me ha tilgjengeleg frå omtrent 1.august og til jol. Rundt 1.august kjem morellene, dei første plommene kjem i midten i august og dei fyrste eplene er modne omtrent 10. september. Me har ulike typar moreller, plommer, eple og litt pærer. Ta kontakt for å høyre kva me har til ei kvar tid.
Les meir

Eplemost

Størrelse på flasker: 0,25L og 0,75L. Størrelse på bag in box: 3L og 5L(berre Aroma). Eplemosten vår er utan noko tilsetjing - "flytande eple". Etter pressing pasteuriserer me mosten og fyller den varm på flasker eller kartongar. Sortane me brukar er dei største eplesortane i Noreg. Då mellom anna Discovery, Summerred, Gravenstein og Aroma. Eplemost…
Les meir

Dessertplommer

Str: 535 ml, 1062 ml, 1700 ml. Det ligg mykje nostalgi i denne. Me hermetiserer ulike sortar plomme; Opal, Mallard, Reeves og Avalon. Mest vanleg er dei to første. Tradisjonsdessert som kan nytast tradisjonelt med vispa krem, eventuelt litt hakka valnøter oppå, eller attåt ei kraftig sjokoladekake med litt krem eller is. Bestill varer her.
Les meir