Vert seld i halve pølser.
I tillegg til Sysekorv, lagar me og spekepølse på den gamle måten. Lang tid og mykje omsorg mellom røykjing og speking. Denne er god på ein spekemattallerken eller til laurdagsgrauten!...
Sysekorv er ei røykt, rå tradisjonspølse. Laga av sauekjøt med svinespekk og så røykt. Kraftig i smaken. God attåt komle eller med heimelaga potetmos og salat.
Trekkjast ca. 30 min i tint tilstand....
Me foredlar omtrentlig 140 lam året. Dette er våre eigne lam i tillegg til litt meir. Lammene vert partert for så å salte og røyke dei etter gamle tradisjonar på garden. Kunnskapen går i arv frå generasjon til generasjon.
Utvalet av lammekjøt vil variere gjennom året, sidan me slaktar alt om hausten....
Salta, røykt og turka.
Lårene vert salta og røykt før dei vert hengt opp på turkeloftet på hausten. Her heng dei til litt utpå vinteren. God sommarmat attåt eggerøre, potetsalat eller som spekemat til lørdagsgrauten!...