Opplev
Røyking av kjøt
Safting og
Hermetisering
Gardsdrift
Besøk oss!
Heimalaga gardskost
Smak på nokre av produkta våre frå gardsutsalet. Smak på vår eplesider og heimabrygg. Kombiner eit besøk med omvising og eit måltid basert på garden sine produkt - ekte gardsmat! Me tek i mot firma og grupper til seminar og servering. Velkomne til gards!
Ta kontakt om du ynskjer ei guida omvising med tema som historia om garden, tradisjonar, kulturen, naturen og korleis me lever. Du får vere med å lære korleis produkta våre blir laga. Alt frå fenalår via hermetisk til rein eplemost og den tradisjonelle Hardangersideren.
Bestill lunsj med heimalaga gardsmat!
I gardsutsalet vårt finn du rein, naturleg eplemost frå garden vår utan tilsetjing av noko slag. Du finn mange typar plommesyltetøy, chutney, dessertar frå moreller, plommer, eple mm. Du finn dessutan lammekjøt av ulike slag. Mykje av det er salta og røykt etter gamle tradisjonar slik som fenalåret vårt.