OPPLEVING
GARDEN

Frå og med mandag 10.juni til og med laurdag 10.august er det på Syse Gard faste omvisingar kvar onsdag og laurdag.

Tidspunkt: 13:30
Varighet: ca 1,5 time
Bestill her

Sommarkafeen er open 10 juni- 10 august for enkel matservering som spekefjøl, Besto si eplekake med is, eplemost, siderfjøl, sider og

heimbrygga øl.

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar. Du kan vandre gjennom frukthagar frå sentrum og fjorden i Ulvik, og opp til gardane. Alle gardane har gardsutsal. Les meir

For grupper frå 10 personar eller til ein minstepris er det mogleg å bestilla omvising direkte på kvar gard. Vertskapa byr på spennande kultur- og smaksopplevingar.

Ynskjer de omvising på fleire gardar lagar me gjerne eit opplegg for dykk. Ta direkte kontakt for bestilling av gruppeomvisingar!