Siderfjøl med 4 ulike typar lokal sider eller eplemost med kort presentasjon. Kan nytast ute på terrassen med utsikt over fjorden eller inne i serveringslokalet.
Siderfjøl med 4 typar sider med kort presentasjon:
"Aroma" - Balansert syre og en fersk sødmefull og delikat frukt. Søt, 9% ALK
"Kjedlar" - Svakt bitter ettersmak med god lengde Medium tørr 9% ALK
"Sumar" - Frisk syre og en delikat fersk frukt med en balansert alkohol og fin lengde. Tørr 9% ALK
"Mont- Spontangjæra sider tilsett Bringebær og Rabarbra. Søt 8,2% ALK
4 typar eplemost med kort presentasjon:
"Aroma" - Middels fyldig og aromatisk. God balanse og syrleg ettersmak
"Gravestein" - Fyldig, med god sødme. Svakt syrleg, svært karakteristisk aroma med lang ettersmak
"Discovery" - Fruktig, frisk med god sødme
"Summered" - Syrleg, god og aromatisk med lang avslutning
Velkomne til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. Inst i hardangerfjorden, i Ulvik, finn du oss midt i frukt- og siderruta. Her kan du gå frå sidergard til sidergard medan du ser utover perla i Hardanger. I vårt gardsutsal tilbyr me foredla frukt i mange fasongar, frå syltetøy til saft og sider. Du finn og tradisjonelt foredla lammekjøt som fenalår og spekjepølse Me har open sommarkafe frå 12 Juni - 12 August, så ta gjerne turen innom for spekefjøl eller siderfjøl. Gå til www.sysegard.no for utfyllande informasjon, og det er berre å ta kontakt.
Voksen
275
Barn
140
Kvar heile time kl 11-16
Oppmøte: 5 minutter før start. Meld ifra i Gardsbutikken når du kjem.
Varighet
1t